Autopilot, andre bok om Laurits Liguster - Elektronisk versjon i EPUB format

E-bøker|Ungdomsromanene Autofokus, Autopilot og Autonom

HURRA-pris:69.00Kr

Autopilot er ei humoristisk, men samtidig alvorlig bok, der mykje kjærleik, tankar og kjensler er med. Noko som igjen fører til dramatikk og nokså grufulle scenar. Boka er skriven for ungdom, og eg som er ungdom simpelthen elskar boka. Det er ei skikkeleg bra bok laga for ungdom som hatar å lese. Den er så morosam at ein berre får lyst til å leggja frå seg boka å le i ein halvtime, men samtidig kjem triste delar smygande inn, som så mangt ein ungdom har opplevd.

Av Lene Langeland, 14 år. Magasinett

Då eg først såg framsida på boka tenkte eg herregud! Sex, sæd, røyk og vill festing alt går på autopilot er det første du ser når du les bak på boka, noko som selvfølgelig får meg til å lure på kva bok eg har funne meg. Ei sex roman av ei bok? Eller ei bok om ein pornografisk tenåring?

Nei, så langt der ifrå. Det kan verka som det er det den går ut på i byrjinga, men slik er den ikkje. Då eg hadde kome litt inn i boka byrja eg å forstå meininga. Den var basert på tankegangen til ein ungdom.
Hovudpersonen heiter Laurits, og er det typiske biletet på den omoglege tenåringsguten. Han tenkjer som gutar fleist og gjer som gutar fleist.

Siste året på ungdomsskulen er ikkje ein dans på roser. Lærarane klagar, foreldrene klagar, rektor klagar, alle klagar! Men oppi all elendigheita fins det også lysglimt. Han forelskar seg og får sin første dame. Dessutan viser det seg også at det er Laurits alle på skulen ser opp til. Det er han som er den modige av dei, sjølve om han ikkje ser det sjølve.

Det er eigentleg ikkje så rart at det går som det går på skulen til Laurits med tanke på kor mykje av hjernen hans som brukes til å tenkje på sex. Sex, sex, sex! Og denne jomfrudommen. Sjølve boka er på ein måte basert på ein ungdoms tankesinn. Der krangling med foreldre, venner, uvenner og det store, kjærlighet spelar ein stor rolle.

Me får eit innblikk over korleis det verkeleg er å vera ungdom no til dags. Det er ikkje slik som i dei andre bøkene der det blir skreve om kjærleik og ungdom som lev det søte liv. Her får me levert den harde, verkelege fakta. Noko som gjer at ein lett kan kjenne seg igjen i boka.

Eg skal vera eineg i at boka kan vera nokså drøy til tider. Tvilar litt på at alle 15 år gamle folk spring rundt på ein scene, og tenner på kjæledyra sine pga kjærleikssorg.
Så veldeg sannsynleg er det vel heller ikkje at dei brukar pengene frå klassekassa til å kjøpa seg ein einvegs billett til Australia… Eller at dei skallar seg, og går inn i buddhismen.
Men sjølve poenget med dei sprøe tinga Laurits gjer er med på å gjera det heile ganske enkelt. Det er jo eigentleg ganske så forståeleg at han vil reise til Australia, og kome seg vekk frå masete foreldre og lærarar. Kven vil vel ikkje det som 15 åring?
Og når du stadig ser eksen din saman med ein annan, er ikkje hevn det einaste som står i hovudet på deg då? Når du då veit at eksen din elskar marssvinet ditt, kvifor ikkje berre tenna på det?
Og det at han går inn i buddhismen har vel mykje med å gjera at når du er ungdom likar du kjensla av å ha kontroll. Ungdomstida er den tida du skal bestemme kven du er, kva du trur på, og kva du vil. Laurits testa ut både buddhismen og kristendommen, men ikkje nokon av delene fallt vel heilt i smak.


Morten Nilsen,
DEMOKRATEN

Ingen autopilot

Mitt første inntrykk er: endelig en bok skrevet på ungdommenes premisser, og som også kan leses av foreldrene. Mon tro om begge aldersgruppene vil kjenne seg godt igjen her?
Vi kastes rett ut i Laurits Ligusters hormonsprengte og kaotiske ungdomstid. Hvor skole, forhold til foreldre og omgivelser, og ikke minst jenter og seksualitet er en eneste stor potent bombe.
Vi lesere fanges i sidene, og det er fornøyelig lesning. Det er ikke lett for Laurits å vokse opp. Det meste er kinkig og vanskelig i livets prosess hvor han går i den turbulente perioden fra å være et barn til å bli en voksen. Akkurat her klarer forfatteren å fange samspillet mellom hovedpersonen, mer eller mindre diffuse og gode venner, og ikke minst velmenende foreldre selv om det ofte går galt.
Da flyter handlingen godt, ærlig og troverdig, og boka løper på tenåringenes premisser. Jo visst er det tidvis en vågal språkføring og handling, men ærligheten er også en av bokas mange styrker. Uten å røpe for mye av handlingen er nerven, det alvorlige, triste, gledessprengende og utforskende, selve bærekraften i boka.
Den bør leses, både av tenåringer og deres foreldre. Kanskje har begge målgrupper her noe å lære av hverandre.
Tittelen Autopilot spiller så definitivt ikke på at handlingen kun går på autopilot.

Du kan lese boken her på Google Bøker